Klar for draumekonsert

Unge musikere frå heile Sunnmøre er i full gong med førebuingane til Drømmekonsert søndag. Ungdomssymfoniorkesteret Volda og Ørsta skal spele saman med fiolinisten Inga Våga Gaustad.

Inga skal spele Romanze av Johan Svendsen saman med orkesteret. I tillegg skal ho opptre saman med Wolfgang Plagge, og skal spele tango med ein av kulturskulen sine lærarar som spelar Bandoneo (trekkspel) Ungdomssymfoniorkesteret skal elles spele eit arr. på  «Pirates of the Caribbeaen» og «Pavane» av Ravel.

Samarbeidande orkester er «Ytre strøk» frå Hareid/Ulstein kommunar og «Havella» frå Herøy kommune. Dei skal ha eigne innslag på konserten og dei skal delta på fellesnummer.

— Vi håper dette ikkje berre blir ein fin konsert, men og kan vere til inspirasjon for vår unge strykarar og musikarar. Det er kanskje det viktigste med heile konserten, seier Einar Opsvik, rektor for Volda kulturskule.

Dette er den første av fem Drømmekonsertar som blir arrangert med støtte fra stiftelsen Dextra Musica og De Unges Orkesterforbund. Drømmekonsert er ei ordning der orkester får støtte til å arrangere konsertar med toppsolistar frå Dextra-stallen.

Les meir om ordninga her.

SKMF draumekonsert 2016 Plakat 50x70 (3)

Comments are closed.