Se Mesterklasse i høst!

Miriam Helms Ålien, Henning Kraggerud og Sonoko Miriam Welde

NRK sender i høst et nytt TV-program midt i blinken for UNOFs medlemmer! I serien på 6 programmer vil vi bli kjent med 12 unge musikerer og deres mentorer. Mentorer som Truls Mørk, Henning Kraggerud og Tine Thing Helseth er kjent for de fleste med interesse for klassisk musikk, men mange UNOF-medlemmer kjenner også til mange av deltakerne! Nåværende og tidligere musikerer fra både Norsk Barnesymfoniorkester og Norsk Ungdomssymfoniorkester blir å se på skjermen i høst. Mesterklassedeltakeren spiller konserter på uvanlige steder, som Jærstranda eller en T-banestasjon og lærer både om faglige, personlige og sosiale aspekter rundt livet som musiker.

Programmet starter søndag 2. september, og her er hva du vil få se utover høsten:

Episode 1 – søndag 2.september:
Pianisten Leif Ove Andsnes inviterer talenta Christian Sommerfelt og Julie Yuqing Ye (solist med NBSO i 2010) til Bergen i tre dagar. Korleis er det å ha sjølvaste Leif Ove Andsnes som pianolærar og kva synes dei to unge kjempetalenta om å ha konsert på jernbanestasjonen i Bergen?

Episode 2 – søndag 9.september:
Trompetisten Tine Thing Helseth inviterer talenta Audun Lorentzen og Malene Fosli Flataker (trompetist i NUSO og NBSO) til Stavanger i tre dagar. Greier dei å gjere sitt beste når trompetidolet Tine høyrer på? Og kva tykkjer Audun og Malene om den storslåtte Orrestranda på Jæren som hemmeleg konsertstad til slutt?

Episode 3 – søndag 16.september:
Fiolinisten Henning Kraggerud inviterer talenta Miriam Helms Ålien og Sonoko Miriam Shimano Welde (begge tidligere solister med NUSO og NBSO) til tre dagar med intens jobbing. Den tredje dagen skal dei ha konsert på Stortinget T-banetasjon, men det veit Miriam og Sonoko ingenting om. Kva kan skje når Miriam og Sonoko får filolinvirituosen  for seg sjølv, og blir han fornøgd med dei til slutt?

Episode 4 – søndag 23.september:
Tubasolisten Øystein Baadsvik inviterer talenta Sebastian Lamberg Torjusen og Ingunn Hammerseth til Trondheim i tre dagar. Kan den verdskjende tubaisten kurere sceneskrekk før konserten på ein hemmeleg og langt frå klassisk scene? Og kvifor er det så viktig å spele med vesletåa?

Episode 5 – søndag 30.september:
Den svenske klarinettisten Martin Fröst inviterer talenta Ingrid Meidell Noodt og Joar Klæboe Henriksen (soloklarinettist i NUSO i 2007-2011) til Svolvær i tre dagar. Korleis er det å spele på klarinett for førti skipsverftsarbeidarar i ein iskald verftshall?  Kanskje like bra at dei ikkje visste det på førehand?

Episode 6 – søndag 7.oktober:
Cellisten Truls Mørk inviterer talenta Sandra Lied Haga (Solist med NBSO i år) og Brage Botn Seim (fleråring deltaker i NBSO og mange av UNOFs orkestre) til Saltö . Korleis er det å ha den verdskjende cellisten for seg sjølv på ei lita svensk øy i tre dagar? Og korleis er det å spele konsert for eit for eit alt anna enn vanleg høfleg klassisk publikum?

Episode 7- søndag 14.oktober: Operasongaren Solveig Kringlebotn  inviterer talenta Lydia Hoen Tjore og Emil Solli-Tangen til operabygda Nordfjordeid. Kva gjer det med unge talent å få jobbe tett med ei slik verdsstjerne? Og korleis mottar mannskap og passasjer på ferja mellom Anda-Lote operasong?

Comments are closed.